Har du mistanke om vald og overgrep mot barn?

Kva gjer du som jobbar med barn, er offentleg tilsett, eller nabo om du mistenker at eit barn er vitne til vald eller blir utsatt for vald eller overgrep?

Avvergeplikt

Gjennom straffelova § 196 har vi alle ei personleg plikt til å anmelde eller på annan måte avverge og hindre straffbare forhold. Dette er eit personleg ansvar og det overstyrar teieplikta.

Meldeplikt

Du har sjølvstendig plikt til å melde frå til barnevernet og politi ved mistanke om vald eller overgrep. Dei har ansvar for å undersøkje saka og avgjere vidare tiltak.

Illustrasjon av gutt.  - Klikk for stort bileteCreeping darkness Liza Hasan

Kva gjer du?

Kva gjer du ved mistanke om at eit barn er vitne til vald eller blir utsatt for vald eller overgrep?

  • Sende inn ei bekymringsmelding til barnevernet og politi.
    Den skal innhalde:
    • Personalia
    • Grunn til bekymring
    • Skildre av kva du har sett, høyrt, observert, og når.
    • Oppgi kontaktperson og fortel kva som er gjort.
  • Rådføring
    Er du usikker? Ring barnevern, politi, krisesenter eller barnehus for råd og rettleiing.

Handlingskort - slik kan du gå frem

I desse handlingskorta har vi samla tips og informasjon om korleis ein skal handle ved mistanke om vald eller overgrep mot barn.

Last ned handlingskort for barn i brosjyreformat (PDF, 407 kB)

Kven kan du kontakte?

Døgnopne telefonar

Telefon kun på dagtid

Statens Barnehus Ålesund: 70 11 88 50