Tilbodet til krisesenteret
Krisesenteret tilbyr hjelp til barn, kvinner og menn som har vore utsette for vald eller truslar om vald i nære relasjonar.
Tilboda er gratis lågterskeltilbod, og for alle nasjonalitetar.
Vi betener ein ein krisetelefon der du kan ringa heile døgnet
Vi lyttar til det du vil fortelja og gir hjelp ut frå ønska og behovet dine. Vi kjenner godt dei ulike instansane som kan hjelpa personar som er utsette for vald i nære relasjonar og kan hjelpa med kontakt vidare om ønskeleg.
Krisesenteret kan tilby deg og barnet ditt ein stad å bu i ein periode der du treng å vera i sikkerheit frå den som har utøvd valden.
Tilboda vi gir til kvinner og menn held til på ulike stader.
Gateadressa gir vi opp ikkje på nettsida.
Krisesenteret er tilrettelagt for barn. Barna får eigen primærkontakt når dei er bebuarar ved senteret.
Krisesenteret tilbyr samtalar på dag eller kveld. Der kan du få råd og rettleiing ut frå situasjonen du er i. a kontakt og vi finn eit tidspunkt som passar.
Krisesenteret tilbyr gratis juridisk rådgiving og bistand til kvinner og menn som lever i vald i nære relasjonar
Om krisesenteret
Krisesenter for Sunnmøre er interkommunalt og gir eit tilbod til innbyggarar kommunane Ålesund, Ørsta, Volda, Herøy, Sande, Ulstein, Hareid, Sula, Giske, Fjord, Vanylven, Stranda og Sykkylven.Personar frå andre stader i Noreg kan òg nytta tilbodet vårt.
Dei tilsette ved krisesenteret har ulik fagbakgrunn og kompetanse for best å kunna ta vare på dei ulike behova som brukarane av senteret har.