Kva er vald?

Kva er vald?

Vold er kvar og ei handling retta mot ein annan person, som gjennom at denne handlinga skader, smertar, skremmer eller krenkjer, får denne personen til å gjera noko mot sin vilje eller slutta å gjera noko han vil.

 

Illustrasjon av kvinne som tviler - Klikk for stort bileteSelf doubt Liza Hasan

 Ulike former for vald

  • Fysisk vald dreier seg om å halda, dytta, rista, slå eller sparka. Det kan òg vera bruk av ulike våpen. I verste fall kan valden føra til tap av liv.
  • Psykisk vald er direkte eller indirekte truslar, degraderande og audmjukande åtferd, utøving av kontroll og isolering. Latent vald er ei form for psykisk vald. I denne fasen går den voldsutsatte på nåler, ho/han er på vakt og ventar på valden.
  • Seksuell vald omfattar eit breitt spekter av handlingar frå seksuell trakassering og krenking, seksuelt press eller tvang, til valdtekt og seksuell tortur. Seksuell omgang mellom nære familiemedlemmer i nedstigende eller horisontal linje, eller mellom ein vaksen i ein foreldrerolle og eit barn, kallast incest.
  • Materiell vald blir utøvd når ting blir knust/blir kasta (på nokon), når nokon slår eller sparkar i vegg/dører eller øydelegg ting som betyr noko for andre.
  • Økonomisk vald er når du blir fråtatt kontroll over eigen økonomi, og ikkje får tilgang til pengane dine.
  • Menneskehandel er sexhandel med kvinner, menn og barn.
  • Tvangsekteskap er når du blir nekta retten til å bestemma kven du vil gifta deg med, og blir tvinga til ekteskap.
  • Utagerende sjalusi er sjalusi som skremmer og krenkjer eller som blir brukt for å styra eller kontrollera andre.

(Kilde: Per Isdal)

Gode ressursar

Her er nokre nyttige lenker for deg som er utsett for vald:

Treng du nokon å snakke med?

Er du utsett for ulike former for vald frå tidlegare eller noverande ektefelle, sambuar, partnar, barn, barnebarn eller andre? Har du problem med å avgjera for deg sjølv kva det er som skjer?

 

Ta kontakt med oss så kan vi saman prøva å finna løysingar.

Til toppen