Har du mistanke om vald i nære relasjonar?

Kva gjer du som tilsett, kollega eller venn ved mistanke om vald i nære relasjonar mellom vaksne?

Avvergeplikt

Gjennom straffelova § 196 har vi alle ei personleg plikt til å anmelde eller på annan måte avverge og hindre straffbare forhold. Dette er eit personleg ansvar og det overstyrar teieplikta.

 

Illustrasjon av dame - Klikk for stort bileteMuted Liza Hasan

 Kva gjer du?

  • Rådføring
    Er du usikker på kva du skal gjere kan du drøfte saka med krisesenter eller politi.
  • Informasjon om hjelpetilbod
    Hjelp den valdsutsatte med å komme i kontakt med hjelpeapparatet.
  • Krisesentertilbodet
    Alle som er utsatt for vald eller overgrep frå partner, familie eller andre i nære relasjonar kan få tilbod om beskyttelse, sikkerheit, råd og rettleiing. Ein treng ikkje vere i akutt krise for å få hjelp. Tenesta er gratis og tilgjengeleg heile døgnet. Du kan ta direkte kontakt og treng ikkje tilvising.

Handlingskort - slik kan du gå frem

I desse handlingskorta har vi samla tips og informasjon om korleis ein skal handle ved mistanke om vald og overgrep i nære relasjonar.

Last ned handlingskort for vaksne i brosjyreformat (PDF, 429 kB)

Kven kan du kontakte?

Døgnopne telefonar